Cargo pants revner i skrittet
Hadde to bukser (cargo pants) i ventile. Dyre bukse som forsåvidt var greie i bruk, men dei revna i skrittet begge to etter eit knapt år normal bruk. Fikk sendt bukse nr 2 på reparasjon gratis medan holet enda var lite, men på første jakttur etter reparasjonen revna den frå skrittet til kneet når eg tok eit langt steg overein bekk, stod effektivt i berre undiken i skogen.
Har seinare kjøpt ei Lundhags bukse til rimeligare penge som er brukt meir enn desse to Ravnø buksene og den er like heil enda. Håpar dei har fått orden på dette problemet i seinare modeller.
Har også ei sabotør jakke, den er grei, men mykje lause tråder og styr inni lommer og rundt glidelåser. Hadde forventa litt meir mtp prisen på desse produkta, vegrer meg for å kjøpe meir derfra pr no.
Plagga i seg sjølv opplever eg som gode i bruk, men desverre står ikkje kvalitet i stil med pris på disse ventile plagga.








